Segner på Vestlandet (HVL)

Tradisjonstekstar i barns oppvekst

TRADISJONSTEKSTAR I BARNS OPPVEKST

 

1 Tradisjonstekstar kan svara til barns måte å oppfatta verda på.

Eventyr og segner fengslar barna fordi dei her møter framstillingar som svarer til barns måte å oppfatta verda på.

Chalotte Bühler formulerer dette slik:

(...) eventyrets verden svarer på flere måder til barnets oppfattelse af virkeligheden, idet barnet endnu ikke klart kan skelne mellom fantasi og virkelighed. Dette resulterer bl. a. i at barnet opfatter døde ting som levende, tillægger dem følelser og motiver (animisme, personifisereing). (Møhl og Schack: Når børn læser, 1980)

Dessutan er tradisjonsforteljingar lette å forstå for barn fordi språket og strukturen er enkel og skjematisk.

Segnene gir forklaringar og svar på merkelege fenomen, t.d. naturformasjonar, som både barn og vaksne undrar seg over. I det ligg det eit sosialiseringspotesiale.

 

2 Gjennom tradisjontekstar kan barn bearberida livsproblem 

I følgje Bruno Bettelheim hjelper eventyra barnet

(...) gennem en rekke problemer i forbindelse med dets opvækst - problemer der ellers ville forekomme det lille barn meget vanskelig at gennemleve og løse: ved at høre eventyr der på et symbolsk plan beskæftiger sig med en række udviklingsproblemer, bliver det lille barn bedre i stand til at gennemleve og løse disse problemer (...). (Møhl og Schack: Når børn læser, 1980)

Eit døme på dette er søskenrivalisering og sjalusi som me finn i eventyra om Per, Pål og Espen Oskeladd.

I segnene er det mange møte med hjelpande, trugande og forførande krefter i form av gode og vonde vette, ikkje berre for barn, men og for vaksne menneske på eit meir allmennmenneskeleg plan. Dei ulike vetta kan tolkast som konkretiseringar av sjelstilstandar. Møte med vetta vert såleis eit møte med tildriv i eins eige indre på symbolsk plan. Indre tilstandar er lettare å leva med og forhalda seg til når dei vert gjort allmenne i gjennom mytiske skapnader som det er aksept for i kulturen: Erotikken vert personifisert i form av hulder eller huldrekall, redsle av ulike slag vert personifisert i skapnader som nøkken, sjøormen, trollet.

Samvitsnaget kan gje opphav til førestillingar om utburd, og særskilde givander vert forklarte mytisk, t.d. vert musikalitet forklart som ei gåve frå fossegrimen. Medgang og motgang vert også tilskrive mytiske makter. Magiske hjelperåder som stål, kross, kykjeklokker, bibelord gir kontroll over menneske og makter. Psykiske skavankar som galskap vert forklarte i bergtakingssegner. Fysiske plager eller lyte vert forklarte som hekseskot, elveblest mm.

Det som kan opplevast som meiningslaust, får gjennom segner ei forståeleg forklaring og er då lettare å forhalda seg til. Det same gjeld merkelege naturfennomen som vert forklarte gjennom mytiske hendingar. Slik får både livet og landskapet ein mytisk dimensjon.

 

3 I tradisjonstekstar kan barn møta rollemodellar 

Eventyra gir utviklingsmønster for barna i form av forteljingar om korleis ein bør vera og korleis ein ikkje bør vera. Den nysgjerrige, energiske, oppfinnsame og hjelpsame Espen blir stilt opp som eit positivt førebilete i motsetnad til Per og Pål som står for det motsette.

På same måten kan det òg vera sosialiseringshistorier i segner fordi dei kan syna positive førebilte, personar som det går godt med. I mange huldrehistorier vert omtenksame og hjelpsame meneske løna med gåver eller medgang i livet. Eit døme på det er segna "Huldreløn" frå Kvinnherad. Andre segner kan syna avskrekkande lagnader, folk som det går ille fordi dei er vondskapsfulle i ord og handling som i segna om Gyri Øyre frå Mauranger.

Segnene kan formidla moralske levereglar og syner kor viktig det er å fylgja gammal skikk. Dette er temaet i ’Dei underjordiske som ville bu på stølen’ frå Etne. Folk som er dumme og tankelause t.d ved at dei gir ein god dag i gode råd, kan og få si straff slik som i segna ’Draugadansen’ frå Austevoll.

Segner kan verta brukte oppdragande. Foreldra kan halda barn borte frå farlege plassar som t.d ved å fortelja at nøkken har tilhald i farlege elvar og vatn.

Frå slike forteljingar er ikkje vegen lang til ordtaka som formulerer kulturens livsvisdom og moralske normer I ordtak ligg det ofte ei underforstått forteljing som t.d. i ’Den som ler sist, ler best.’

4 Identitetsutvikling

I ei spissformulering dreiar dette seg om identiteetsutvikling på tre nivå: Frå nasjonal identitet via lokal identitet til personleg identitet. 1800-talet var særleg oppteken av den nasjonale identiteten og nasjonsbygginga. Segner, eventyr og anna tradisjonsstoff vart leita fram for å dokumentera nasjonen.

Eventyra var lettast å bruka til dette føremålet fordi dei var allmenne utan lokal heimfesting. Segnene derimot har utgangspunkt i lokale fenomen og hendingar Dei har allmenne og overførbare motiv, men får først liv, kraft og interesse når dei vert kopla opp mot lokale fenomen i heimbygda. Såleis får den lokale identiteten eit mytisk feste i segnene i tillegg til det festet identiteten har i den fysiske røyndomen. Denne kollektive identiteten er eit viktig element i den personlege identiteten fordi tilhøvet til heimstaden også er ei personleg sak.

 

5 Normformidling

Elles er motsetninga mellom det gode og det vonde eit vanleg motiv i segner som i eventyr. Me møter stadig menneske som det går ille for fordi dei bryt gjeldande normer og reglar. Dei fleste segner om utburden og deildegasten har slike element i seg. I ei segn om utburen frå Bømlo vert moralen formulert slik i avslutninga av segna: 'Det vert såleis fortalt at det for lenge sidan var ei jente som hadde fødd i løynd og grave barnet ned. Då ho ein gong kom forbi staden, kasta utburden seg over henne og reiv henne sund'.

 

6 Underhaldning

Eventyr og segner inneheld både spenning, mystikk og fantastiske element noko som er kjernen i all underhaldning. Det er nok desse sidene ved desse sjangrane som har gjort dei så populære og livskraftige. Segna 'Den blå handa' frå Ænes i Kvinnherad har fascinasjonskraft ved at ho inneheld både spenning og mystikk og ekko av fantastiske element. Segna er bygd opp omkring klassiske grøssarmotiv som mørke, kyrkjegard og gjenferd.

Humor er eit anna underhaldande moment. Ein absurd og overdriven humor finn ein i segna 'Mannen som flådde merra levande' frå Ausevoll. Merra hadde drukke ei bøtte med brennevin og hadde sovna. Mannen trudde ho var daud og ville flå henne for å berga skinnet. Men han vart berre halvferdig med dette arbeidet om kvelden. '(...) Om morgonen var han tildleg oppe og skulle begynna på igjen. Men då sto merra med stalldøra, og det lause skinnet hang og slang etter som vinden tok i det. '