Segner på Vestlandet (HVL)

Segnsjangeren

INNHALD

SEGNSJANGEREN 4

Definisjon 4

Skilnaden mellom segn og eventyr 4

Strukturen i segnene 5

A. Innleiinga 5

Tid- og heimfesting: 5

Noko merkeleg eller uforklarleg: 5

B. Handlinga 6

Einskap i handling: 6

Den sceniske totalslova: 6

Konflikt: 7

C. Avslutning 7

Moral: 7

Forklaringar: 8

Forsterking og stadfesting: 8

SEGNTYPAR: OVERORDNA INNDELING 9

1 Vandresegner 9

2 Lokale segner 11

3 Kunstsegner 11

4 Moderne segner 13

SEGNTYPAR: INNDELING ETTER INNHALD 16

Mytiske segner 16

Underjordiske vette 16

Andre naturvette på land, i vatn og i luft 17

Gardvette 18

Attergangarar 19

Bibelske figurar 19

Hamskifte og omskaping 20

Spådommar eller varsel 21

Magi 21

Historiske segner 22

Rikshistoriske segner 23

Bygdehistoriske segner 24

Opphavssegner 25

SEGNLIKE SJANGRAR 28

Memorat (m) 28

Kronikat (k) 29

Ditar (d) 29

Anekdote (a) 30


SEGNSJANGEREN

(I teksten nedanfor gir me att ein del døme på segner, men det vert også vist til andre segner som du finn i Segner i Sunnhordland eller Segner i Nord-Rogaland. Sjå segnsamlingane for kommunane eller den felles segndatabasen.)

mineverdig


Definisjon

Ei segn er vanlegvis ei kort, munnleg forteljing som har levd på folkemunne. Segnene tek til vanleg utgangspunkt i noko merkeleg, minneverdig eller uvanleg knytt til eit naturfenomen, ein person eller ei hending. Det er det uvanlege som gjer at folk interesserer seg for fenomenet, snakkar om det og undrar seg over det. Dermed oppstår også behovet for å finna forklaringar på det merkelege.


Samstundes har segna rot i kvardagslivet og lokalmiljøet. I sentrum kan det stå ein historisk person eller ei historisk hending (historiske segner), ein naturformasjon eller eit namn (opphavssegner) eller eit møte mellom menneske og noko overnaturleg (mytiske segner).


Segna gir seg ut for å vera sann. Dei overnaturlege innslaga i forteljinga er uttrykk for levande folketru , eldre eller moderne. Det er blitt sagt at ei segn er folketru i diktarisk form. For å gjera segna truverdig vert det ofte gitt presise opplysningar om tidspunkt, kvar hendinga gjekk føre seg og opplysningar om namn på personar og stader.



Skilnaden mellom segn og eventyr 

Eit eventyr gir seg ikkje ut for å vera sant. Sjølv om eventyr og segner kan byggja på den same folketrua, har ikkje eventyra det same festet i lokalmiljøet og livet der som segnene har.


Eventyra er til vanleg lengre og meir kompliserte enn segnene ved at eventyra inneheld fleire episodar, situasjonar og personar. Når dei likevel er forholdsvis lette å hugsa, heng det saman med det formelpreget dei ofte har. Denne eventyrgrammatikken vert beskriven i episke lover og ulike modellar for handling som t.d aktantmodellen og kontraktmodellen.


Segnene er oftast korte og skildrar til vanleg berre ei handling eller ein episode. Dei har ikkje same formelpreget som eventyra, og dei får dermed større variasjon i oppbygnad og handling. Sjølv om segnene også har visse mønster både i struktur og stil, er variasjonsbreidda større enn i eventyra. Det gjer dei meir krevjande å hugsa.



Strukturen i segnene

A. Innleiinga



Tid- og heimfesting:

Segnene har gjerne følgjande oppbygnad: innleiing, dramatisk episode, avslutning. Når det gjeld innleiinga, begynner ofte segna med at forteljaren fører tilhøyraren inn i ein kvardagsleg truverdig situasjon frå arbeidsliv i skog og mark, på sjøen, i heim og tun, i kvardag eller fest. Truverdet vert styrka ved at forteljaren tidfester og heimfester handlinga og namngir personane.


Noko merkeleg eller uforklarleg:

I den kvardagslege ramma vert det så ført inn noko merkeleg som gjer situasjonen minneverig. Det kan vera ein merkeleg person, eit underleg naturfenomen eller ei uvanleg hending. Dette merkelege eller avstikkande må forklarast. Segna kjem då inn som ein forståingskategori, ein måte å forklara og forstå røyndomen på. Ein kan illustera dette med segna ’Ku-byte’ frå Tysvær. Det er ein gammal mann på Nedstrand som fortel:


Kubyte

Då ho mor mi var jente, tente ho på Leirang og var budeie. Når ho var ute om kveldane, kunne ho tidt høyra at det lét i ein haug som huldrene budde i.


Så var det seint ein kveld ho mor var i fjøset og skulle mjølka. Då kom det ei kjerring inn til henne; det var ei huldre-kjerring, og ho sa: «Bytt !» Mor mi skjøna seg ikkje på dette, og ho sa ingen ting; men då ho kom inn, fortalde ho det til husbonden. Han sa då til henne mor, at om det skulle henda ein gong til, så skulle ho svara: «Bytt!» «Ho vil byta ku med oss, og det skal ho få,» sa husbonden.


Kvelden etter kom kjerringa att. Då ho var kommen innfor døra, sa ho: «Bytt!»

«Bytt!» svara ho mor, og då gjekk huldrekjerringa.


Morgonen etter var ei ku kommen bort ; men på same båsen stod ei stor ven brandsidete ku.


Husbonden var underoffiser. Han tok sabelen og gjekk til fjøset, og der hogg han tre hogg i dørstokken. Då fekk dei høyra huldrene, at dei sa: «Me lyt flytta herifrå no, men me flytter ikkje lenger enn til Kalshamar.» Det var eit fjell i utmarka deira. 


Dette er sant kvart ordet; for ho mor fortalde det, og ho laug aldri.


I andre segner kan forteljaren nærmast gå rett på sak ved å presentera det merkelege først, berre med ei minimal identisering av stad, slik som i ‘Ormen i Litledalsvatnet’ frå Etne: «I Litledalsvatnet var det ein orm som var så svær at om vinteren slo han isen sund, så det ikkje fekk leggja seg is på vatnet medan han var der.....».



B. Handlinga

I eventyrgrammatikken kjenner me ’dei episke lovene’ til Olrik. Innslag av desse episke lovene finn me også i segnene.


Einskap i handling:

Segner skildrar til vanleg berre ei handling eller ein episode (’Øyken stritta mot’ frå Suldal), eitt fenomen (‘Gygra-revæ’ frå Austevoll), ein person eller eit vesen (‘Hinkapelo’ frå Kvinnherad).


Øyken stritta mot

Ein mann frå Fatnes kom ein gong frå Slettedals-stølen med øyk og kløv. Då han var kommen eit stykke på heimvegen til ein stad som heiter Klyv, då laut han over ein bekk. Men øyken stritta imot så han ikkje kunne komma fram. Då han så såg seg tilbake, hadde han inga kløv; ho var avteken og sett ned på marka. Han la kløva på og fór heim; men han sa det sidan at han var stø på det var huldrene som hadde lyft ho av øyken.


Den sceniske totalslova:

Dei fleste segnene i nedskriven form har sceniske innslag i form av replikkar eller dialogar. Ofte vert høgdepunktet understreka ved scenisk framstilling som i segna ‘Utburden i Vekslio’ frå Fitjar. I andre segner kan scenisk framstilling vera dominerande slik tilfellet er i ‘Florfløtten’ frå Stord. Etter den sceniske totalslova er det berre to aktørar som samtalar. Dette ser ut ser ut til å gjelda i segnene som i eventyra.


Utburden i Vekslio

Ei kvinne hadde fått eit barn, men drepe det utan at det var døypt og grave det inne i ein hidlar (Vekslihidlaren). Seinare høyrde dei ofte eit fælsleg skrik på den staden «Vekslitrollet». Ein gong kom ein mann forbi staden i mørkret og vart gripen i trøya av ei barnehand. Han høyrde då tydeleg at barnet sa: «Døyp meg eller eg drep deg». Mannen auste då vatn i sanden med dei orda: «Eg døyper deg på ei von, anten Guro eller John.»


Etter den tid høyrde dei ikkje meir til det.


Konflikt:

I dei fleste segner er konflikt og resultatet av konflikt kjernen i segna. Det kan t.d. vere konflikt mellom ulike vette, mellom ulike menneske, menneske og vette, eller meir generelt mellom gode og vonde krefter. Ein slik konfliktdimensjon kan tolkast inn i mange segner. Segna ’Ri på are’ frå Vindafjord illustrerer ein slik kamp mellom vonde og gode krefter:


Ri are (Vindafjord)

Der var eit brudefølgje frå fjellbygda som skulle ri til kyrkje gjennom bygda. Så kom risen i Husafjedlet og ville ta dei. Men så var det ein liten fugl som kviskra:


Ri på are

og ikkje på berje har’e

so e du berga og utan fare

Så reid brudefølgjet inn på ein åker og slapp unna risen.

C. Avslutning

Moral:

Av og til kan det liggja ein moral i forteljinga. Det er tydeleg i segna ‘Dei underjordiske som ville bu på stølen’ frå Etne. Bonden som ikkje fylgjer gammal skikk og held seg for lenge på stølen med buskapen sin slik at huldrefolket ikkje får flytta inn, møter motgang. Når han derimot fylgjer sed og skikk for bruk av utmarka, går det han vel. Slik vert den merkelege medgangen og rikdomen denne denne bonden seinare får, forklart på ein overnaturleg, men logisk måte. Ei anna segn med tydeleg moral er forteljinga om ’Huldrefolk på Maurangsnes’ frå Kvinnherad.


Huldrefolk

I gamle dagar kom det ein gong heim til garden Maurangsnes i Kvinnherad åtte huldrefolk og bad om brød. Folka på garden trudde det var fattigfolk og spurde om dei ikkje trong anna enn brød. «Nei,» svara huldrene, «vi har alt anna unntatt brød.» «Er de såpass til folk, så har de brød òg då,» sa den eine; «gje oss derfor brød, så skal de få igjen masse korn, gras og poteter.» «Er det sant, det,» sa den vantru husmora, «så kom igjen i haust, då skal de få.»


Huldrene vart sinte og sa at dei heretter i lange tider skulle få lite både av mjølk og korn. Husmora fekk då mistanke om kven dei var og spurde: «Kanskje de er huldrefolk, de då?» «Ja, det er me,» svara dei, og borte blei dei. Sidan angra folka at dei ikkje hadde gjeve huldrene noko. Men etter den tid har folket på Maurangsnes alltid vore gavmilde mot fattigfolk. Dei har heller ikkje mangla mjølk, flesk eller andre matvarer.


Forklaringar:

Forklaring er eit sentralt trekk ved mange segner. Forklaringa kjem gjerne i avslutninga, men det kan vera like naturleg å sjå på heile forteljinga som forklaring. Forklaringa kan t.d. gjelda motgang eller medgang, naturfenomen og stadnamn.

Forsterking og stadfesting:

Det hender også at forteljaren rundar av segna med ei ekstra forsikring eller vitneføring for å styrkja truverdet til segna. Det kan skje ved å visa til truverdige folk slik som i segna om ‘Sjøormen i Litledalsvatnet’: «Det var mange som såg ormen. Medan han var i vatnet, var det jamt storfolk og tilreisande der oppe og såg på han». Det kan òg gjerast ved å visa til meir allmenne og kollektive erfaringar i formuleringar som «etter den tid høyrde dei ikkje meir til det». Slik sluttar segna ‘Utburden i Vekslio’ ovanfor. I segna ’Ku-byte’ vert sanningsinnhaldet underbygd ved å visa til ein truverdig person: ’Dette er sant kvart ordet; for ho mor fortalde det, og ho laug aldri.’


Forsterking og stadfesting skjer også ved å knyta hendingar i fortida til notidig røyndom. Reint konkret kan det vera ein stein ein framleis kan sjå eller ein rikdom som fraamleis finst slik som i segna ‘Florfløtten’ frå Stord som sluttar slik: «Etterkommarane hans Bjødne bur endå på garden og er den dag i dag rike folk».


Forsterkande vitneutsegner av dei typane me har nemnt, kjem til vanleg som eit haleheng til forteljinga. Slike tillegg vert med ei fagnemning kalla ‘koda’ som tyder hale.






SEGNTYPAR: OVERORDNA INNDELING


1 Vandresegner

Vandresegner er segner som har utbreiing ut over eit lokalt område, og som vi finn att på ulike stader, i ulike land og i ulike kulturar. Slike segner inneheld gjerne allmenne førestillingar som kan ha halde seg opp mot vår tid. Dette allmenne innhaldet er grunnen til at dei har kunna spreia seg så vidt.


Det at segner kan slå rot og blir tekne alvorleg i mange ulike miljø heng saman med at folk søkjer støtte i folketrua og andre segner når ein skal finna forklaringar på merkelege fenomen. Vandremotiva vert såleis nytta som mønster og materiale når ein formar ut eigne forklaringar. Motiva i vandresegnene har hatt stor gjennomslagskraft. Frå Sunnhordland og Nord-Rogaland er det fleire døme på at merkelege naturfenomen vert kopla saman med Olav den heilage, sjølv om det knapt er historisk grunnlag for å tru at han var på alle dei stadene som har Olavs-segner. På Moster og på Karmøy var han truleg, men om han var inst i Maurangerfjorden i Kvinnherad, på Tysnes eller i Røldal, er meir tvilsamt.


Når segner vandrar, er hovudhandlinga stabil medan detaljar i innhaldet vert tilpassa lokale forhold. Det som skifter, er til vanleg namn på personar, stader og andre ytre tilhøve. Dette er dei variable delane av segna. Det som er stabilt er motivet. Døme på slike vandremotiv er:

- Gardsfolket som må flytta ut i jula slik at huldrefolket kan få feira jul i gardshuset. Segna ’Huldrene i Kvammen’ frå Etne illustrerer dette.

- Hunden eller katten som forsvinn i inn i ei hole og kjem ut att på ein heilt anna stad. Eit døme er hunden Ylarbrand i segna ’Hunden til Olav den heilage’ frå Bømlo.

- Huldrefolk som kjem til sæterjenta og pyntar henne til brur slik segna ’Huldrene tok ei jente’ frå Sauda fortel.

- Motivet Olav den heilage og trollet som skulle byggja kyrkje for han, finn me i segna ‘Sigg’ frå Karmøy. Byggmeistermotivet finst også i ‘Heilag Olavs kamp med trolla i Mauranger’ frå Kvinnherad.


Nedanfor fylgjer to tekstar der kyrkjebyggingsmotivet er kjernen.

Teksten ’Moster kyrkje’ er berre eit fragment av ei segn, ein mytisk dite, nedteikna av Torleiv Hannaas med desse få orda:


Der er ei segn um eit troll som skulde byggja ei kyrkje. Dei høyrde song i

fjellet: «.... i morgo kjeme Vinnfor far din med sol og maane». Eg (Torleif Hannaas) fekk ikkje rett greide paa segni daa eg var paa Moster 2.6 1914, men den gamle mannen som hev kyrkje-lyklane kunde henne visst.


Dersom me held dette fragmentet saman med ein meir utbygd versjon av byggmeistermotivet slik me finn det segna ‘Sigg’ om Olavskyrkja på Avaldsnes, så kan me tenkja oss kva den gamle mannen med kyrkjelyklane ville ha fortalt.




Sigg / Jomfru Marias synål

Då kong Olav var ute og kristna landet, var han og på Karmøy og lærde folket Guds-ord. Før han for derifrå, ville han byggja ei kyrkje på Avaldsnes. Det skulle vera ei steinkyrkje med tårn. Då dei så tok til å byggja, gjekk det ikkje så fort som kongen ville. Så kom det til han eit troll som budde i ein haug attmed Blodteigen. Trollet tilbaud seg å setja opp kyrkja med tårn og alt som skulle til, på ei veke; men då laut han ha sol og måne i løn, eller òg kongen sjølv. Dette lova kongen; for han tenkte at ingen kunne byggja ei kyrkje så fort. Så tok trollet til å byggja.


Det gjekk så fort at ingen skulle trudd det. Fredag var det så langt kome at kyrkja laut verta ferdig til sundag, det kunne ingen tvila på. Då visste Heilag-Olav ikkje si arme råd; sol og måne kunne han ikkje få tak i, og sjølv hadde han inga lyst på å selja seg til eit troll. Men ein ting visste han, at kunne han få vita namn på trollet, så var han berga; for når troll høyrer namnet sitt nemnt av kristen-folk, så sprikk dei. Men kor skulle han få vita namnet? Han var i større knipe enn han noka tid hadde vore.


Om fredags-kvelden gjekk han ut og var full av tunge tankar. Rett som det var kom han bort til haugane ved Blod-teigen. Han var trøytt og tung til sinns, og så sette han seg til å kvila på ein av haugane. Då fekk han høyra eitkvart som song. Det var ei kjerring som heldt på å byssa barnet sitt i søvn inne i haugen. Kongen la øyra til, og då kunne han tydeleg skilja desse orda:


«Byssa, lulla, liten kinn!

i morgo kjem Sigg, faren din,

med sol og måne til barnet.»


Den som vart glad, var kongen; han reiste seg opp med ein gong og gjekk heim att. Då laurdagen kom, stod kyrkja fullt ferdig med tårn og alle gode greier; jutulen heldt på med kuppelsteinen. Kongen stod og såg på, og best som det var, ropte han opp:


«Akta deg, Sigg!

eg trur snaudt den siste steinen ligg.»


Med same stupte trollet ned, så hardt at heile hovudet seig ned i molda attmed kyrkjeveggen. Han vart til ein stein, og der attmed kyrkjeveggen står han den dag i dag.


kup(p)ul (koppul) = rundstein, kuppelstein


2 Lokale segner

Dette er segner som ein finn berre i eit avgrensa geografisk område. Dei er så fast knytte til bestemte stader at dei ikkje har hatt lett for å spreia seg.


Døme på slike segner er segner om særeigne lokale personar, miljø og stadnamn. Eit slikt miljø er baroniet i Rosendal og segna om ‘Baron Axel Rosenkrands og Spåkjerringa’ handlar om den einaste baronen i landet. Segna ’Dømannsskjeret’ frå Fitjar kan vera ei slik lokal segn som forklarar eit bestemt namn: ’På dette skjeret støytte ein båt med tvo gjentor i. Båten kvelvde, og båe tvo drukna. Dette hende ein gong i gamle dagar.’



3 Kunstsegner

Kunstsegnene er vanlegvis skriftlege tekstar. Me kan skilja mellom to typar :

Den eine gruppa av kunstsegner er segner som er skrivne etter mønster av munnleg segntradisjon både i innhald og form. Det er segner som er utforma av ein namngjeven person. Stundom kan kunstsegner bli utnytta skrivepadagogisk ved at skulebarn vert bedne om å skriva kunstsegner knytte til lokalmiljøet. Døme på elevskrivne kunstsegner er 'Korleis steinane blei til' frå Hystad skule på Stord:


Korleis steinane blei til

Det var ein gong for lenge lenge sida at det budde nokon ekornrotter i ei hola. Det var over tusen millionar ekornrotter i landet. Og dei tålte ikkje is. Men ein dag låg mora i senga for ho synest det var så kaldt. Og ungane måtte opp og fyra i peisen. Og Slabbekatt, Rolpefjomp og Sakkebuss måtte ut og henta ved.Men da dei kom ut var det is over alt og halane deira var krølla saman.Og alle tusen milionar ekornrotter skulle ut. Både bitte små og store. Men då datt alle saman. Og der låg dei å blei mygla å blei gråe. Så den dag i dag ligg dei der som steinar.


Nedskrivarar som slår seg laus og diktar nye forteljingar etter segnmønster, skaper òg kunstsegner. Denne typen kunstsegner har sin parallell i dei kunsteventyra H.C.Andersen skreiv. Eit døme på slike segnskaparar er Sivert Sivertsen (f 1910) som vaks opp i Fitjarøyane. I hans oppvekst var folketrua framleis levande, og ungane kjende tradisjonen og fantaserte omkring den i sin eigen leik. På sine gamle dagar har Sivertsen skrive mykje om oppveksten sin, og i den samanhengen har han også skrive forteljingar som sjangermessig høyrer heime blant segnene. Døme på dette er ‘Gubben i Håkelen’ og’Mannen i Håkelen og han på Torget’ der handlinga er lagt til Bømlo.


Mange eigentlege segner er gjenfortalde av tradisjonsberarar, men den som fortel har ein viss fridom til å gi forteljinga ein særsvip. I mange høve går gjenforteljaren eller nedskrivaren då så langt i personleg utforming at segna nærmast kan kallast kunstsegn. Eit døme kan vera når Birger Røksund frå Bømlo fortel segna ‘Kjeringehåla’ i verseform. Det same gjer Severin Eskeland når han skriv om segna ’Ådlandshornet’ frå Stord til bunden form. Me tek her med dei tre første strofene der me ser bonden som rir ut i julehelga og møter haugbuen Gråskjegg:



Ådlandshornet

Det longe hadd' kima til jolefest,

og månen på himlen lyste, -

til skogs reid Arnfinn på fljote hest,

til haugen som rikdomen hyste.


Med same han kom frammed huldreberg,

han «Tunskål, go' granne!» hauka,

med mæle som nådde til bein og merg.


Ut Gråskjegg or haugen stauka.

Med framrett hand han eit bikar baud.

«Drikk ut! og lat skjenken smaka!»



4 Moderne segner

Moderne segner er forteljingar knytte til eit realistisk notidig miljø, eventuelt med overnaturleg innslag, som eksemplifiserer eller understrekar viktige levereglar eller moderne folkelege førestillingar. Desse forteljingane gir oss altså eit bilete av korleis folk tenkjer i dag og kan såleis reknast som moderne folklore. Som døme viser me til fylgjande segn:


Fryktelig hevn over elskeren

En bergenser som noen dager i uken etter arbeidstid kjører ferdigbetong, kom forleden dag kjørende forbi sin bolig og la merke til at kameratens bil med soltak sto parkert der. Han stoppet betongbilen, og gikk inn i leiligheten for å hilse på. Lyder fra soveværelset ga tydelig utsagn om at det ikke var han, men konen kameraten besøkte. Uten at paret på soveværelset merket noe, gikk mannen ut av huset, og bort til kameratens bil. Han trakk taket på bilen tilbake og rygget betongbilen bort til. Så åpnet han for ferdighetongen og fylte den parkerte bilen med ca. to kubikkmeter ferdigbetong. Da elskeren skulle ta bilen var betongen blitt stiv.Bilen ble senere på kvelden slept avgårde. Forholdet er ikke anmeldt til politiet.


Denne historia vart slått opp på første side i Bergens Arbeiderblad (no Bergensavisen) tysdag 6. mars 1973 under overskrifta ‘Fryktelig hevn over elskeren’. Journalisten sende den gode historia si til NTB som spreidde ho til alle landets aviser. Neste dag hadde Dagbladet eit stort oppslag under overskrifta ‘Mens mannen var ute med betong’, og Politiken i København presenterte historia under ei tre-spalters overskrift: ‘2,6 tons hævn i elskovs-affære. Besvegen ægtemand i aktion med betongkanon’.


10. mars fortel Bergens Tidende at Sunday Mirror hadde bede om nærare opplysningar, og 12. mars vart historia presentert i Daily Nation i Nairobi under overskrifta ‘Concrete Revenge’. Frå Danmark telegraferte eit pressebyrå etter biletstoff. Men på det tidspunktet var historia alt dementert i Bergens Arbeiderblad. Denne historia ser ut til å stamma frå USA. I 1960 vart ho trykt i Denver Post som ei verkeleg hending, og gjennom  pressebyrået AP spreidd utover heile USA.


Me tek også med ei anna moderne segn som på fleire måtar seier noko om vår samtid. Ho spring ut frå ein kvardagsleg situasjon slik segner plar gjera. I dette tilfellet møter me eit ektepar som skal på ferietur til Syden. Eit moralsk poeng i segna er det kan gå gale når foreldre set eigeninteressa framfor omsynet til barnas ve og vel.



Ferieturen

Ryktene vet å fortelle at et ektepar skulle på ferie til syden og avtalte med en person å ta vare på deres lille pike. Barnepiken - i noen versjoner heter det at det var barnets bestemor- rakk ikke fram før ekteparet måtte dra hjemmefra for å nå et fly. Ekteparet reiste og etterlot barnet fastbundet i en stol. Så skulle det ha skjedd at barnepiken plutselig ble syk og ble liggende bevisstløs, barnet ble sittende alene i dagevis og døde.



I følgje rykta meinte somme at det hadde hendt i Fyllingsdalen, andre i Vadmyra, Loddefjord eller Åsane. Det er Reimund Kvideland som fortel dette i ’Det stod i avisa’ i tidsskriftet ‘Tradisjon’ nr. 2 frå 1973.


Moderne segner vert i dag spreidde gjennom media som aviser, radio, fjernsyn og internett. Slike media har skapt eit globalt forteljerom slik at den same segna kan dukka opp som vandresegn i mange land. Eit døme på dette siste er ei moderne attergangarsegn frå USA.


The Swamp Girl

The tale of the swamp girl is a tragic story of a young woman trying to make her way to Columbia, South Carolina. A well dressed women was seen walking down a dark highway, in the middle of dense swampland. A couple, seeing the girl, stopped to offer her a ride. The young girl accepted the ride explaining that she was on her way to Columbia to visit her sick mother.


The couple resumed driving and talking. The wife asked the young girl a question and when she received no response she turned around and discovered the young girl had vanished.


In hysterics, the couple drove the rest of the way to Columbia. The wife was so upset her husband had to take her to the hospital. Remembering the address that was the young girls destination, the husband made his way to Pickens Street. The women, who answered the door, knew immediately why he was there. He was one of three other people who had picked up the women in the swamp only to have her disappear. As it turns out that the girl from the swamp and the women on Pickens Street were sisters. The disappearing girl was killed in an auto accident. On the anniversary of her death, she appears on the swamp road where she lost her life. (http://www.midnet.sc.edu/ghost/swamp.htm)

SEGNTYPAR: INNDELING ETTER INNHALD


Forteljande fullsegner eller eigentlege segner (s)

Dei eigentlege segnene, fullsegnene, vert etter innhald delte i tre undergrupper:


Mytiske segner

Mytiske segner handlar om noko overnaturleg. Utgangspunktet kan vera historisk, men det berande elementet er førestellingar om overnaturlege fenomen og vette. Ein kan kategorisera dei overnaurlege fenomena og vetta på ulike måtar. Ofte nyttar ein eigne overordna kategoriar som land-, vass- og luftvette. Me har valt ei litt anna inndeling.


Underjordiske vette

Til dei underjordiske vetta høyrer huldrefolket (haugfolket, tussane, underjordiske, hittfolket) og dvergane. Det finst svært mange segner om huldrefolket. Som døme viser me her til segna ‘Huldrebryllup i Bråhau’ frå Etne. Eit ekstra poeng i denne segna er den magiske hatten som gjer ein usynleg:


Huldrebryllup i Bråhaug

Før i tida hadde folket på Auestad kvernene sine borti Kaldheimsdjuvet og måtte då gå forbi Bråhaug der det alle dagar har vore kjent at dei underjordiske budde. Det var då ikkje sjeldan at dei som var og mòl og andre som gjekk forbi Bråhaug ved nattestider, høyrde både song og spel inne i haugen, men det var sjeldan ein fekk sjå dei eller snakka med dei. Dette fekk likevel ein mann her på garden oppleva. Det var ein som var i slekt med «Gamle-rotta». Det var visst bestefar eller bror hans.


Han kom frå kverna ein sein kveld og skulle nett forbi haugen. Då høyrde han det ropa der inne: «Til bryllups! Til bryllups!». «Å, la meg få vera med!» ropte bonden. No blei det eit fælt leven inni haugen, for somme ville ha han med, men andre ikkje. Det blei då bestemt at han skulle få vera med.


«Men eg har ikkje hatt!» ropar bonden. «Å, han kan få låna den gamle hans far!» svarte det frå haugen. No bar det av stad til bryllaupsgarden. Bonden som trudde dei skulle i bryllaup til dei underjordiske, blei svært forskrekka då han såg at det var til vanlege kristne folk dei skulle. No kom det vel med at han hadde «palehatten», for då var han usynleg, må vita.



På den tid brukte dei i bryllaup nokre store tinnsmørkrus med store lòk som kasta svære skuggar på bordet når ein opna dei. I ein av desse skuggane var det at eit svin av ei hulder ville ha føre seg mykje meir enn sømmeleg var, slikt som kristne folk brukar å driva med på vetlahuset. Bonden som såg dette, sette i ein gapskratt. Men då var huldrene sinte, og hemnen let ikkje venta på seg. For brått var «palehatten» som blåsen av han, og no sat han der synleg for alle midt blant gjestene, i sine eigne fillete og mjølete kle så både han sjølv og gjestene vart forskrekka. Så snart han kom til sans og samling igjen, fann han det best å forsvinna jo før jo heller.




Det er meir sparsamt med segner om dvergar. Her er ei forteljing med ein dite frå Ølen:


Dvergsmi

På garden Innbjoa veks det ut ein slags stein av berget, tjukk som ein finger, blank og gjennomsynleg. Det er som han er kunstferdig slipt med fire fem eller fleire kantar. Bøndene kallar han dvergsmi. Det kjem kanskje av den gamle overtrua at dvergane som budde i berget, smidde dei.



Andre naturvette på land, i vatn og i luft

Til slike vette høyrer troll, trollkjerring eller gyger, rise, sjøorm, havfrue, nøkk, fossegrim, drake. I segna ‘Sjøormen i Reinsvatnet’ frå Sauda finn me døme på eit slikt vette.


I Reinsvatnet var det i gamle dagar ein stor orm. Ofte gjekk han på land og tok då gjerne med seg eit fe med seg ned i vatnet; folk som hadde beite der ikring, leid mykje skade på den måten.


Ein dag tok han seg føre å renna heilt til sjøen. Først for han av til eit vatn som er lenger nede i Tengesdal-heia. Sidan for han lenger nedover. Då han var kommen nesten til sjøen, måtte han gjennom ei trong smette som dei kallar Klype. Der vart han ståande fast. Ein mann frå hi sida av fjorden såg dette uhyret som hang ned med fram-enden. Så tok han børsa og rodde over og sette ei kule i den fæle skrotten. Ormen sette då bakenden i vêret og velte seg framover, så han kom ned på ei slette; men då daua han.

Sidan grov dei han ned, og over ormen lødde dei opp ein stor mur som enno syner.


Neste segn frå Kvinnherad er ei av dei få som handlar om flygande vette:


Gardsbonden og draken

For ikkje så lenge sidan - og kanskje enno - trudde dei på eit vette som vart kalla gardsbonden. Når dei ikkje pirra opp den gamle særlingen og plaga han, verna gardsbonden mot huldrer, nissar og dragar så det ikkje hende menneske eller dyr noko vondt. Gardsbonden likte godt å få ro. Om torsdagskvelden t.d. måtte dei ikkje ståka, ikkje spinna eller laga nokon støy; for stakkars hus om han kom laus. Enno brukar gamle kjerringar den skikken å setja rokken på eit åklede for at han ikkje skal laga lyd.


Tøris Landa var ein gong til fjells, og då natta fall på, kom ein gapande drake med sju hovud og ville sluka han. Gardsbonden høyrde skrika frå Tørris og var snart på kampplassen. Det vart eit basketak som enda med at draken sprakk. Sidan gjekk Tørres kvar julaft med ein stor ølbolle bort til ei stor innhol tunderbjørk der gardsbonden budde.



Gardvette

Nissen er først og fremst knytt til gardstun (husnisse, gardnisse, fjøsnisse, gardsbonden, tuftekallen) og var visst vanleg på dei fleste gardane før i tid. Han kunne vera hjelpsam om han fekk godt stell slik som i segna ovanfor og i den følgjande segna frå Øvre Litlabø på Stord



Nissen på Øvre Litlabø

I det gamle tunet stod ein stor stuva-ask. Han var innhol, og hadde ei opning i eine sida. I denne asken budde nissen. Til vanleg laut han berga seg sjølv som best kan kunne. Men til julehelga måtte han få noko ekstra godt attåt, av folka på garden. For det var best å stå på god fot med nissen, om det skulle gå godt med folk og fe. Difor fekk han eit fat med graut til jul, innsett i asken (så seint som 1890). Og me såg ikkje anna enn at det vart oppete!


Men nissen kan også opptre om bord i båtar og varsla då ofte ulukke som i denne segna frå Austevoll:


Nissen

Nissen heldt seg også om bord i fartya når det sto vel til. Rømde nissen, stod det ei ulykke føre. Ein gong - fortel dei - var det eit farty som låg på ei hamn som ikkje kunne få ankeret opp. Då dei skulle sjå utabords, sto det ein liten mann og spente i fartysida og heldt kjettingen. Men då dei såg han, sleppte han taket og stupte seg i sjøen. Då fekk dei opp ankeret. Men det gjekk ikkje vel med dei. Dei såg aldri det fartyet meir.


Attergangarar

Attergangarar er draugen, utburden, uhemingen, deildgasten, oskereia eller julereia, og den evige jøde. Her er to av dei meir spesielle gjengangartypane; ’Den evige jøden’ er frå Austevoll, ’Deildegasten ’ er frå Stord



Den evige jøden

Det vert fortalt at den evige jøden ein gong vitja folket i Stolmastova. Han var så annig på å koma vidare at han hadde ikkje tid til å setja seg ned, men måtte stå medan han åt maten som dei sette fram.


Deildegasten

På Stord budde det for ei tid sidan to naboar som levde i stadig kiv og strid med kvarandre om grenselina mellom eigendomane sine. Så døydde den eine av naboane utan at dei hadde blitt samde om dei uklare grenselinene.


Ein søndagsmorgon ei tid seinare ser den gjenlevande av dei to gjenferdet av naboen gå omkring på marka. Han stogga ved kvar merkestein, såg på dei ei stund og prøvde å flytta dei inn på marka til grannen. Det verka som han ikkje fekk det til. Etter nokre minuttar var det som gjenferdet sokk i jorda og vart borte.



Bibelske figurar

Som bibelske figurar reknar me t.d. Vårherre, englar og den vonde. Eit eksempel på dette finn me i segna ’Openberringa’ frå Kvinnherad. Nedanfor følgjer ei dramatisk segn frå Etne som inneheld både bibelske figurar og døme på omskaping.


Då skjønte ho og kva mann det var

Det var ei kone ein gong som plent skulle over ei elv, men ho kunne ikkje koma over. Så kom det ein mann og han lovde han skulle setja henne over, dersom han fekk det ho hadde under beltet. Jo, det kunne han gjerne få, sa kona, ho trudde ikkje det var noko. Men om ei tid forsto ho at ho gjekk med barn, og då skjønte ho og kva mann det var, som hadde sett henne over elva. Ho gjekk då til presten og klaga seg for korleis det stod til. Presten lova då at han skulle gjera kva han kunne når den tid kom.


Det var ein gut kona fekk, og då han var så stor han kunne snakka, var og den tida komen at den vonde skulle henta han. Den natta sette presten guten oppå altaret og gav han ei brakebuske med mange bær på i handa, og same kva som hende, og kven som kom, skulle han berre seia:

«Eg pitla på bæro små, som Jesus sjøl sette krossen på.»


Guten så gjorde. Den vonde kom og prøvde seg på allslags måtar. Han synte seg i allslags skapnader, stundom som faren og mora til guten, stundom som presten, som fæle dyr, men det hjelpte ikkje, guten sat lik roleg å berre sa:

«Eg pitla på bæro små som Jesus sjøl sette krossen på.»


Til slutt var det som kyrkja kom i loge og ville brenna opp, men guten sat like roleg då og. Då presten tidleg andre dagen kom og lyfta han ned frå altaret, skreik guten som om dei tok livet, for han trudde det var den vonde som tok han.



Hamskifte og omskaping

Mest kjend av slike hamskifte er kanskje varulven, men i denne segna frå Suldal skaper eit menneske seg om til bjørn:


I dyreham

Somme menn kunne skapa seg om til dyr. Me kjenner såleis til korleis den namngjetne Pilt-Ola Sangesand hadde ord for å kunna skapa seg om til bjørn. Folk hadde fleire døme på at dette var sanning.


På fjellgarden Hjorteland budde det ein gong ein mann som kunne meir enn folk elles. Mellom anna kunne han gjera seg om til bjørn. Det hende såleis ein kveld at det gjekk nokre bukkar oppe i Gullingnuten. Fleire såg desse dyra deroppe og kjende dei. Men ein vilde venta til neste dag før ein henta dei heim.


Men morgonen etter var bukkane borte. Ein fann korkje holl eller hår av dei. Men då ein såg inn i munnen på Hjortelandsmannen, synte det seg at det sat ferskt bukkekjøt mellom tennene på han. Då skjøna alle kva som hadde hendt med bukkane. Då var det ikkje lenger mogeleg å tvila.


Spådommar eller varsel

Ein god del segner inneheld spådomar eller varsel om ulykker. Eit segnfragment eller ein mytisk dite om Agdesteinen på Stord spår ulykke og undergang.



Agdesteinen

Agdesteinen ligg fram på bergkanten , og ei gamal segn seier at når steinen ramlar utføre, skal verdi forgå.


Segna ’Jomfru Marias synål’ fortel om ein likande spådom som er knytt til bautasteinen som står ved Olavskyrkja på Avaldsnes.



Magi

Magi er knytt til magiske hjelpemiddel som stål, krossar og krossteikn eller faste formularar. Mange av desse segnene er knytt til folk som kunne lækja:



Han stemte blod med ord

I Etne budde det ein smed frå Telemark, og han heitte Reiar. Han stemte blod med ord. Ein gong lét han meg få greie på formularen som lyder slik:

Stå-å, stå blo,

stå i fjæra og flo

stå i den treeinige guds navn

gud fader søn og helligånd


Ein gong var det ein hest som hadde skadd seg under kjøring og blødde. Reiar sa til eigaren at han ikkje kunne hjelpa han fordi han hadde banna då det skjedde. I så fall måtte han ha brukt ein annan formular, det ville han ikkje gje seg inn på.


Mange av segnene med magisk innhald dreiar seg ofte om svart magi knytt til Svarteboka. Her er ei segn frå Tysvær som fortel om ein prest som kunne meir enn sitt gudsord.


Presten med svarteboka

Hr. Lars på Nedstrand var ein dugande prest. Han hadde lært svarteboka, så han kunne henne både framlengs og baklengs. Om natta hadde han jamt ærend til kyrkja. Då låg prestkona åleine og fekk ikkje sova; ho var redd for mannen. Ein gong hadde ho fått drengen til å ha seg bort på kyrkjegarden; då kunne han kanskje få sjå kva presten tok seg føre. Og kunne han så med same få setja ein støkk i presten, så han ikkje skulle vera så ivrig etter å fara såleis ute om nettene, så var det ikkje henne imot.


Då presten kom til kyrkja den kvelden, såg han eitkvart som leda på seg innfor kyrkjegards-grinda. «Er det folk?» ropte presten; men det tagde som muren. «Er det folk, så svar,» sa presten ein gong til. Enno kom det ikkje ein knyst. Då tok presten til å mana, og drengen stod snart til knes i jorda. Då spurde presten endå ein gong om det var folk; men det kom ikkje svar. Presten heldt då på å mana, til dess drengen stod til magen i jorda. Endå ein gong spurde presten kven det var; men det kom ikkje svar, og så mana han drengen nedi til halsen. Då vart drengen redd; han ropte ut og sa kven han var. «Korfor sa du ikkje det før?» sa presten; «no er det for seint, eg kan ikkje få deg opp att. Det einaste eg no kan gjera for deg, er å mana deg ned under jorda.» Så gjorde han det, og dei såg aldri meir til drengen.


Men den flekken som han sokk på, har alltid halde seg våt sidan; det var reint som eit myrhol. Dei køyrde mange lass med mold inn; men flekken heldt seg like blaut.



Historiske segner

Historiske segner har namngjevne personar eller historiske hendingar til hovudemne. Desse segnene gir seg ut for å vera sanne og kan nok ha ei sann kjerne, sjølv om det ikkje treng vera nett slik som segna fortel. Det kan vera ein kjend person eller ei hending interessa samlar seg om og som gjer segna levande. Historiske segner inneheld gjerne også mytiske drag.


Rikshistoriske segner

Rikshistoriske segner fortel om kongar, krigar, uår, pest o.s.b. Men desse segnene er gjerne knytte til ein lokal stad og det historiske vert framstilt og konkretisert gjennom personar frå lokalmiljøet. Det finst fleire historiske segner om Olav den heilage. ’Hailag-Olavs kamp med trolla i Mauranger’ er døme på ei slik segn.


Svartedauen gav og opphav til mange segner. Mange av dei har same motiv som den kjende segna om Jostedalsrypa, t.d. denne frå Kvinnherad:


Svartedauden

Svartedauden herja svært i Kvinnherad. Ja, så gale var det at i Omvikdalen var det berre ei jente igjen, og i Skånevik var det ikkje betre; berre ein einaste gut var att der. Det vert fortalt at han rømde til fjells og der flakka han omkring åleine og forlaten. Endeleg kom han så langt at han kunne sjå ned til Omvikdalen. Der såg han røyk stiga opp av ein skorstein. Han gjekk då ned dit og der fann han den jenta som hadde overlevd i Omvik. Dei to gifta seg med kvarandre og levde både vel og lenge.


Sjukdomen kan og bli personifisert som ei gamal kone som fer omkring med soplime og rive. Der ho raka, slapp somme frå pesten, men der ho sopa, døydde alle:


Svartedauden i Suldal

I Suldal trudde folk at svartedauden var ei gammal kjerring som fór bygda kring med ei rive i den eine handa og ein lime i hi. Der ho då brukte limen, der døydde alt; men der ho raka med riva, fekk somt leva; for det var alltid eitkvart som vart liggjande att av di det smaug mellom tindane.


Då sotta var kommen så langt opp i dalen som til Osen, då laut ho ha skyss over Lågen til Stråpa; men ingen var lysten på å skyssa henne. Jau, så var det ein gammal mann som var kommen på at han helst ville døy. Så baud han seg til å skyssa. Han tok kistekleda på seg og rodde over etter kjerringa; men då var ho så mild av seg at ho brukte riva på Stråpa. Den gamle mannen som hadde ført henne, fekk leva og fleire med han.


På Berge døydde alt så nær som ein liten unge. Ein dag kom ei ku ut på Vikebakkane og rauta så fælt. Då gjekk folk der opp og ville sjå kor det sto til, og då fanst det ikkje andre levande folk på garden enn denne vesle ungen.


I Kvildal var det ikkje meir enn tre rykande skorsteinar. Og sameleis var det i dei andre grendene. Berre ei hende stova stod der her og der som det rauk av.



Bygdehistoriske segner

Bygdehistoriske segner fortel om personar og hendingar som er kjende innafor eit meir avgrensa geografisk område. Dei fortel om folk som på ein eller annan måte har merkt seg ut lokalt slik som kjemper, prestar, futar, fredlause og og særlege hendingar og ulukker. I denne kategorien finst det svært mange interessante segner. Segna om Hinkepelo er eit sterkt sosialhistorisk dokument frå Kvinnherad på 1800-talet.


Hinkepelo

Såleis kalla dei ei jente som for lenge sidan budde på garden Nerhus i Austrepollen. Namnet "Hinkepelo" skulle ho nok ha fått fordi ho stadig gjekk og hinka eller halta. Hennar rette namn var nok Ingebjørg, men dette blei sjeldan brukt, kan ein skjøna. Ho skulle elles vera ei underleg "krekse", seiest det, som mest heldt seg ute i urdholene og i skogen og var sjeldan heime. Jamvel kunne ho sitja ute heile natta og steikja brød i måneskinet, idet ho let vel om at det "tyskja" så godt av månen.


Då mora gjekk med henne, skulle ho ein gong sjå ein rev framfor seg, og såleis kom då dottera til å få revenatur. Mistenksam og kveppen var ho og, og når ho ikkje ville at folket skulle vita kor ho gjekk hen, så snudde ho skorne sine slik at helen stod fram. Det var inkje råd til å få henne til å liggja heime korkje vinter eller sommar. Det kunne av og til vera ei julaft; men då måtte dei skjenkja henne godt og dertil fara svært varsamt med henne. Men då kunne ho og ha mange underlege ting å fortelja om: huldrer, dauingar og meir slikt. Særleg hadde ho god greie på Bjødlurebasen; for ho hadde funne han liggjande i ei ur. Han hadde store sølvknappar i trøya si. Då ho ville ta knappane, sa han: "Rør meg ikkje! " Etter den tid var ho meir redd enn før.


Mange posar og byltar hadde ho samla i hop, og desse var ho utruleg redd for. Ein dag ho var komen utanfør bøgarden på Gjerde, gjekk to jenter opp på ein skukk for å sjå i byltane hennar; men ikkje før hadde dei løyst på banda, før ho var over dei og jaga dei vekk. Sidan paste ho betre på og heldt seg noko meir heime.


Ho blei ikkje så fælt gammal. Ho hadde ein bror i Bergen, og då ho ein gong kom der for å helsa på han, blei ho drepen av smågutane. Dei slo henne i hel med stein. At "Hinkepelo" måtte leva eit slikt hardt liv som ho gjorde, viser at kulturen og slike nymotens ting som asyl og sanatorium var det ikkje så mykje av i dei dagar som no, elles hadde ho ikkje tronge om å gå slik, stakkar.





Opphavssegner

Opphavssegner forklarer naturfenomen, stadnamn og sjeldsynte gjenstandar.


Mange særmerkte naturformasjonar har ofte ei segn knytt til seg som forklarar korleis landskapsforma er blitt til. Det er mange slike segner i Noreg som t.d. segna om Jøtulhogget og segna om holet i Trollhatten. Kvar einskild bygd og by har også sine forklaringssegner. Frå Sunnhordland og Nord-Rogaland kan me nemna segnene om Hovaneset på Stord, Gygra-revæ i Austevoll og Jøtulbrua i Fitjar. Me tek med ei segn med same motiv som den vidgjetne segna om skarvane på Utrøst der det dreiar seg om eit land som dukkar opp ute i havet.



Korleis Utsira vart til

Ein gammal mann frå Kvilhaug fortalde dette ein gong for mange år sidan:

«Veit de gutar korleis Sira vart til? Jau, det skal eg fortelja dokke. Sira heng’e på ein tolekniv.


Ein mann frå Åkra låg ein dag vestpå sjøen og prøvde fiskelukka. Han sat i båten med ryggen mot vest og andletet inn mot land. Brått snudde han hovudet for å spytta, og han trudde mest ikkje sine eigne augo då han såg at eit stort land hadde komme opp or havet bak han. Han skjøna straks at landet ikkje hadde komme opp på nokon naturleg måte. Difor drog han augo til seg att og torde ikkje sjå på det. For han visste at dersom han såg på det, ville landet siga i havet att med ein gong.


Han tok méd på Karmøylandet og rodde mot den ukjende øya med ryggen til. Då båten skura i strandsteinane, tok han opp tolekniven sin og kasta han inn på land bakover herdane. Då vart landet hangande. Det var Sira.


Når merkelege fenomen skal forklarast, grip forteljaren til folketrua i mangel på andre forklaringsmodellar. Då vert det ofte slik at overnaturlege vesen som troll og risar har vore på ferde. Men stundom kan det også vera historiske personar, som t.d. Heilag-Olav, som er opphavet til fenomenet. Slik ser ein ofte ein slektskap mellom opphavssegnene og dei mytiske og historiske segnene.


Rundt om i bygdene finst det mange forunderlege stadnamn som vekker fantasien og krev ei forklaring. Namneforklaringa kan ha si rot i folketru så som Huldrahaugen, og Hullastovo, eller i arbeids- og kvardagsliv slik som segna om Kakehillaren, og segna om Fleskhaug frå Kvinnherad som me gir att her.



Fleskhaug

I 1750-åra var ein gjetslegut utpå Landa som heiter Ola Ljosmyr. Ein fin solskinsdag medan sauene og geitene beita innunder Kleivo, tok Ola nisteskreppa si med seg og la seg i ein haug som ligg mot sola. I skreppa som var av skinn, hadde han flatbrød, poteter og spekeflesk. Ola låg til han sovna, og geitene kom rundt han. Skinnskreppa som truleg var godt salta både av sild og flesk, vart eit godt funn for geitene. Dei reiv og sleit både skreppa og flesket, og då Ola vakna, var berre fillene att. Sidan den dag var haugen kalla Fleskhaug.



Spesielle gjenstandar eller eignelutar som merkjer seg ut ved at dei er sjeldne, vakre eller verdfulle kan vera omspunne med segner. Me finn mange døme på dette. Me kan nemna segna om Russakista i Vik i Fitjar, segna om ringen i kyrkjedøra på Grindheim i Etne og segna om sølvbeltet frå Skåre i Haugesund:


Sylvbeltet

På Veste eller ein annan gard i Skåre kom kjerringa i huset ut i kjøkenet ein morgon tidleg og skulle kveikja lyset. Då fekk ho sjå ei huldrekjerring som sat i grua og reivde på ungen sin. Med same husmora kom, reiste huldrekjerringa seg opp og gjekk sin veg, og ut kom ho endå husmora ikkje kunne sjå at ho lét opp døra.


Med det same huldra reiste seg, sleppte ho ned linden, så han vart liggjande på golvet. Då ropte kjerringa til henne: «Ta opp linden din, kone!» Men huldra svarte ikkje og såg ikkje tilbake ein gong, berre gjekk. Husmora tok ein byrtekjepp og skvette linden oppi grua. Sidan gjekk ho inn att og la seg.


Seinare på morgonen då det hadde lysna så mykje at ho kunne klara seg med dagslyset, stod ho opp att og gjekk ut i kjøkenet. Det første som ho såg etter, det var linden; men han låg ikkje lenger i grua; men på den same staden låg eit gildt sylvbelte. Det kunne ho skjøna skulle vera ei gåve til henne, og ho tok det til seg. Det same sylvbeltet skal vera der på garden den dag i dag.


Ei anna forteljing om det same seier at det var i eld-huset, og at det var budeia som fekk ei sylja av di ho hadde berga plagget til huldra.













SEGNLIKE SJANGRAR 

Memorat (m)

Memorat er minneforteljingar som inneheld overnaturlege innslag. Memoratet er altså nyare tradisjon som vert framført av den som sjølv har opplevd hendinga, eller forteljaren fortel noko han har høyrt av andre, t.d. foreldre eller besteforeldre. Memoratet byggjer såleis på hendingar som har funne stad i manns minne, d.v.s. to til tre generasjonar bakover i tid, gjerne mot ein miljøbakgrunn der førestillingar om overnaturlege vesen og makter er vanleg. Dette kan gjera det vanskeleg å skilja klart mellom mytiske segner og memorat.


Knut Liestøl brukar nemninga memorat om ei "forteljing om eitkvart som nyleg har hendt", om personlege "minne":


Dersom memoratet er liv laga, dvs dersom det vert til ei segn, så byrjar den segnvoksteren som fører det fram mot den meir faste form som segna har.Vilkåret for at andre vil leggja seg memoratet på minne, er sjølvsagt at det knyter seg interesse til det for andre enn forteljaren sjølv. (...) Men hovudvilkåret for at noko skal verta til ei segn, er at det frå fyrste inneheld det vi kan kalla kjernen til ei segn.


Liestøl påpeikar altså at også forma i den mytiske segna skil seg frå memoratet. Segna har ei klar episk line, ei avrunda form. Stoffet er fyldigare med samtalar, detaljerte skildringar som heng saman med det sentrale i forteljinga. Slike detaljar gjer forteljinga meir realistisk og gjer det lettare å tru på segna.


Liestøl konkluderer slik om tilhøvet mellom segn og memorat:

Ein kan stort sett seia at ut or det formlause og tilfeldige memoratet veks det fram eit kunstverk, bygt opp etter kunstnarlege lover såleis at det som vanta er komi til, og det uturvande er skilt ut; det er gjennomført ein viss kunstnarleg økonomi. Memoratet er såleis ikkje ei kunstnarleg utforma forteljing. Det hindrar likevel ikkje at memoratet kan få ei kunstnarleg framføring av ein god forteljar.


Den personlege forteljinga nedanfor om huldra som sperra vegen, vart ikkje nedteikna før i 1998. I nedskrivingsarbeidet har skrivaren, Magnus Saltnes, brukt segnsjangeren medvite som mønster. I sjølve skriveprosessen har såleis memoratet blitt omforma til segn.


Ein gong i 1940-åra, då me var på Grindheimsstølen for å leita etter ei kyr, fortalde far mm, Nils Saltnes (1901-64), om ei oppleving han hadde i sin ungdom, truleg kring 1915:

Huldra som sperra vegen

Seint ein sommarkveld kom Lars Ondebakkjen (Lars Ellingsson, 1846-1936) til Grindheimsstølen leiande på ei kyr. Gråtande fortalde han kva som hadde hendt:

«Eg gjekk heimanfrå med kyra i føremiddag. Eg gjekk opp Kaldheimslia som vanleg, forbi Gregardssenga og skulle ta den siste biten før me var gjennom Strype og kunna halda fram innover fjellet. Men kyra nekta å gå det siste stykket, der stigen smalnar. Eg drog og drog i toget, men like lite nytta det. Heller ikkje hjelpte det å skuva på. Då skjøna eg at kyra såg noko stå midt i vegen framfor oss. Huldra stod og stengde vegen! Eg snudde med ein gong og gjekk ned att til Kaldheim. Så gjekk me forbi Litledalsvatnet, opp ha til Hordlandsvatnet, langs vatnet, og så tok me fatt på den bratte Hordlandslia. Nå gjekk det lett å få kyra med, for huldra stengde ikkje denne vegen!»


Kronikat (k)

Kronikat er laust utforma minneforteljingar som byggjer på hendingar som har levd i manns minne. Når ein person gjengir noko som foreldre eller besteforeldre har fortalt eller opplevd, reknar ein det for kronikat. Men grensa mellom kronikat og historiske segner kan vera flytande.


Liksom memorata har kronikata ei episk form, men til skilnad frå memoratet som handlar om overnaturlege opplevingar, har memorata ein sakleg og nøktern karakter. Typiske døme på kronikat i dag vil vera personlege forteljingar t.d. frå 2. verdskrigen. Men det kan også dreia seg om meir kvardagslege hendingar frå t.d. arbeidslivet.


Ditar (d)

Ditar er fragment eller korte utsegner utan episk form. Dei kan dreia seg om historiske forhold om folketru. Ordet kjem av det latinske verbet dicere som tyder å seia.

Folketrus-ditar er korte utsegner om korleis overnaturlege skapningar ser ut eller ter seg, og om magiske middel og boteråder mot det overnaturlege . T. Hannaas skreiv ned følgjande folketrusutsegn frå Stord i 1912 etter Mari Dale: ’Dei la saks å bok å ein brøbit i voggo te nyfødde bodn, da hugsa eg.’ Frå Austevoll noterte K. Nauthella ned desse ditane om sjøvette: ’Ankertrollet var eit vette som sat på sjøbotnen og heldt ankeret når ein ikkje fekk det opp’ og ’ Sjøormen er velkjend’.


Historiske ditar er stutte notisar eller utsegner med tilvising til hendingar og personar. Ei slik utsegn kan t.d. vera at under Napoleonskrigane måtte folk eta borkebrød i Noreg. Ein dit kan også vera ei kort samanfattande utsegn om hovudinnhaldet i ei segn slik som i denne diten som K. Nauthella skreiv ned frå Bømlo: ’Segna seier at i Hopreiskorta på garden Uro (Uren) i Bremnes tok dei stein då dei bygde Mostrakyrkja.’


Anekdote (a)

Anekdoten er ei underhaldande forteljing, sann eller usann, knytt til ein namngjeven eller identifiserbar person. Anekdoten innehalde ofte fin replikkunst. Det er gjerne replikken som er poenget i mange anekdotar. Anekdoten 'Dimsynt' frå Ølen vert runda av med følgjande slåande replikk: «Nei no trur eg dimmest på synet,» sa han. «Før kunne eg sjå ei floga geispa på Kåtanuten, men no ser eg ikkje smøret på sjevo».






Indeks over segntekstar 


Kubyte  2

Øyken stritta mot 4

Uyburden i Vekslio 4

Ri are (Vindfjord) 4

Huldrefolk på Maurangersnes 5

Sigg/Jomfru Marias synål 7

Korleis  steinane blei til 8

Ådlandshornet (verseform) 8

Fryktelig hevn over elskeren 9

The Swamp Girl 10

Huldrebryllup i Bråhaug 11

Dvergsmi 12

Gardsbonden og draken 12

Nissen på  Øvre Litlabø 13

Nissen 13

Den evige jøden  13

Deildegasten 13

Då skjønte ho kva mann det  var 13

I dyreham 14

Agdesteinen 14

Han stemte blod med ord  15

Presten med svarteboka 15

Svartedauden 16

Svartedauden i Suldal

Hinkepelo 16

Korleis Utsira vart til  17

Fleskhaug 18

Sylvbeltet 18

Huldra sperra vegen 19