Segner på Vestlandet (HVL)

Historikk

 Litt historikk

Denne segnpresentasjonen har sitt utgangspunkt i segndatabasen 'Segner i Sunnhordland' på 1980-talet og var knytt til Norskseksjonen på Stord lærarhøgskule  ved Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland .  Det var ein database som var mykje nytta i  undervisning og praksis både i lærarutdanning og  førskulelærarutdanning. Mange studentar var òg med i innsamling av segner. Då Høgskulen Stord/Haugesund vart skipa i  1994, utvida me  segnområdet til Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger, 

Då Hogskulen Stord/Haugesund gjekk saman med andre høgskular på Vestlandet 2017, vart det naturleg å utvida segnområdet til heile Vestlandet. Arbeidet med å etablera  'Segner på Vestlandet', tok til i 2016,  men enno ber segnsamlinga preg  sitt opphavlege kjerneområde.  Sogn og Fjordane har no kome sterkt med i  samlinga. Likeeins heile Ryfylket.  Men enno står det att ein god del arbeid med å få inn fleire segner og omsetja dei til eit moderne språk. Sidan Høgskulen på Vestlandet har nynorsk som sitt administrasjonspråk, er det naturleg  at segnene og heile segndatabasen  får denne målforma.

Det er Nils Tore Gram Økland  og Bjørn  Bjørlykke som har vore redaktørar i innsamlingsarbeidet. Segnene er henta frå mange kjelder. Ein del er faktisk nyinnsamla. Når det gjeld Sogn og Fjordane, står me i stor gjeld til  Torbjørn Røberg  som åra 1994- 98  samla inn mange segner som me har fått lov  til nytta. Arbeidet med å samla inn tidlegare nedskrivne segner  vil halda fram.

Men det er òg ein annan person som har vore heilt sentral i utforming og programmering av databasen. Det er Per Arne Flatberg i det noverande firmaet Snasent på Bryggen i Bergen. Han har for så vidt vore med heile tida med konsulenthjelp og programmeringsoppdrag. Det nye databaseopplegget er det i hovudsak Per Arne Flatberg  som har stått for.