Segner på Vestlandet (HVL)

Segner som pedagogisk ressurs

Artikkel i «Norsklæraren» 2019


Segner som pedagogisk ressurs


Bjørn Bjørlykke

Nils Tore Gram Økland


Denne artikkelen handlar om kvifor og korleis ein kan bruka segner i barnehage og skule. Artikkelen byggjer på utprøving og erfaringar frå barnehage, skule og lærarutdanning sidan 1990-åra, og siktemålet er å få fram det pedagogiske potensialet i segnsjangeren. Artikkelen viser til ein pedagogisk ressurs: Segner på Vestlandet (www.segner.no). Dette er ein søkbar database med 1800 segntekstar som gjer tradisjonsforteljingar lett tilgjengelege for skule, barnehage og eit breitt publikum.

Kva gjer segnene interessante som pedagogisk ressurs?  

Det er mange slag forteljingar som kan vera fine å bruka i skulen. Men sjangrane er ulike, og det gjev dei ulike fordelar. Eventyr distanserer seg frå tilhøyraren – «Det var ein gong, i eit land langt borte» – og det opnar for den heilt frie fantasien. Segnene gjer det motsette, dei knyter seg til stader, personar og hendingar i lokalmiljøet.   


Segner har på mange måtar vore undervurdert i høve til eventyr. Dette kan skuldast at eventyra slik vi kjenner dei i tradisjonen frå Asbjørnsen og Moe og andre, har ein høgare litterær kvalitet enn segner vanlegvis har. Men det lokale og heimlege innhaldet i segnene skaper på den andre sida interesse og engasjement på eit anna grunnlag enn eventyra og gjer at dei kan få ei rolle i livet til dei som bur i lokalmiljøet. Både i gjeldande læreplanar og i utkast til nye er det tilvisingar til dette heimlege  og lokale perspektivet.

Segnene kan vera knytte til lokalmiljøet på ulike måtar. Dei kan handla om lokale figurar; anten historiske eller mytiske.  Dei kan vera knytte til lokale stadnamn og gje interessante forklaringar på både naturformer og lokalitetsnamn. Ikkje minst fortel segnene om lokale hendingar i nær og fjern fortid og tilfører slik det lokale landskapet eit innhald og ei meining som kan ha både dramatisk og mytisk karakter.  Det som er karakteristisk for segnene er at dei til vanleg tek utgangspunkt i noko merkeleg, minneverdig eller uvanleg knytt til eit naturfenomen, ein person eller ei hending. Det er det uvanlege som vekkjer interesse og undring og kallar på forklaringar. På nettstaden Segner på Vestlandet finst mange døme på dette mangfaldet i segnsjangeren, og søkefunksjonane gjev brukaren høve til å utforska både dei faktiske og dei meir litterære og forteljande sidene ved segntekstane.

Felles for alle forteljande sjangrar er ifølgje Ricoeur at dei tolkar omverda i narrative tidsforløp gjennom kjeder av hendingar (Nicolaysen 1985). Forteljinga er såleis også eit erkjenningsformat. Ved at segner er meir knytte til det nære og lokale, er dei med på å tolka og spegla den lokale kulturen og vår lokale sjølvforståing, identitet og tilhøyrsle.  Bruner (1997) peikar på kva desse perspektiva har å seia for bruk av forteljingar i skulen:

Et utdanningssystem må hjelpe den som vokser opp i en kultur med å finne en identitet innfor kulturen. Uten den vil de snuble i sine forsøk på å finne mening. Det er bare i den narrative modus man kan konstruere en identitet og finne en plass i sin egen kultur. Skolen må dyrke den, nære den og slutte å ta den for gitt. (Bruner, 1997, s. 69)


Sidan segnene er munnlege og skriftlege tekstar knytte både til fysiske fenomen i det ytre landskapet og til tradisjonar og menneskelege erfaringar og førestillingar, er det naturleg å gje dei rom ikkje berre i norkfaget, men òg i fleirfaglege prosjekt i skulen der faglege emne innan t.d. geografi, botanikk, historie, religion/livssyn naturleg kan koma inn. Dessutan kan segnsjangeren gje impulsar og materiale til dei mangfaldige daglege aktivitetane i barnehagen. 


Segner er ein episk kortsjanger, men når ein utforskar sjangeren, vil ein straks sjå at tekstane likevel kan ha svært ulik lengd og ha meir eller mindre gjennomarbeidd komposisjon.  Dei fleste er ein-episodiske, men stundom har teksten preg av å vera eit fragment eller ei kort utsegn om folketru, ei hending eller ein person (dite). Andre tekstar har karakter av minneforteljingar som vert framført av den som sjølv har vore ute for ei overnaturleg hending (memorat). Somme minneforteljingar  byggjer på hendingar som har levd i manns minne, og har gjerne ein meir nøktern og sakleg karakter (kronikat).

Den munnlege forteljinga med utgangspunkt i folks kvardagsliv lever såleis vidare i beste velgåande, og segnsjangeren er framleis produktiv i form av tekstar som vert kalla moderne segner (urban legends, vandrehistorier). Dette er forteljingar knytte til eit realistisk notidig miljø, eventuelt med overnaturleg innslag.  Dei kan eksemplifisera eller understreka viktige levereglar eller moderne folkelege førestillingar. Desse forteljingane (sjå t.d. Klintberg, 1990) kan på den måten gje oss innblikk i korleis folk tenkjer i dag og kan slik reknast som moderne folklore.


Segner i barns oppvekst 

Mange segner og eventyr kan svara til barns måte å oppfatta verda på.  Dei kan fengsla og trollbinda barna fordi dei i denne folkloren møter framstillingar som vert magiske ved at dei blandar fantasi og røyndom. Det kan òg vera merkelege naturformasjonar som eggjar fantasien til mytiske og overnaturlege forklaringar. Møhl & Schack (1985, s.117) viser til psykologen Chalotte Bühler som peikar på nett dette aspektet ved folkeleg forteljetradisjon: ’(...) eventyrets verden svarer på flere måder til barnets oppfattelse af virkeligheden, idet barnet endnu ikke klart kan skelne mellom fantasi og virkelighed’.  Gjennom slik animisme og personifisering kan barna få ‘akseptable’ forklaringar på merkelege naturformasjonar som både barn og vaksne undrar seg over.


Gjennom tradisjontekstar kan barn også i følgje Bruno Bettelheim bearbeida livsproblem (Møhl & Schack, 1985). I segnene er det mange møte med hjelpande, trugande eller forførande krefter i form av gode og vonde vette. Dei ulike vetta kan tolkast som personifisering av sjelstilstandar. Møte med vetta kan  såleis vera  eit møte med tildriv i eins eige indre, men  på symbolsk plan. Indre tilstandar og tildriv kan vera lettare å leva med og forhalda seg til når dei vert gjort allmenne gjennom mytiske skapnader som det er aksept for i kulturen: Erotikken vert personifisert i form av hulder eller huldrekall, redsle av ulike slag vert personifisert i skapnader som nøkken, sjøormen og trollet. Samvitsnag kan gje opphav til førestillingar om utburd, og særskilde gjevander vert forklarte på mytisk vis t.d. ved at musikalitet og dugleik i felespel kan vera lært av fossegrim eller hulder. Medgang og motgang vert i mange segner tilskrive underjordiske. Magiske hjelperåder som stål, kross, kykjeklokker og bibelord kan gje makt over menneske og vette. Sinnsforvirring og galskap kan verta forklart som psykiske mein etter bergtaking, og fysiske plager eller lyte vert forklarte som hekseskot, elveblest mm.

Det som kan opplevast som meiningslaust  for barn, kan såleis  gjennom segner  få ei forståeleg forklaring og er då lettare å forhalda seg til. Det same gjeld merkelege naturfenomen som t.d. store holer i fjellet som kan forklarast gjennom mytiske hendingar eller handlingar. Slik får både livet og landskapet ein mytisk dimensjon som barn ofte finn seg til rette i. 

I tradisjonstekstar kan barn i mange høve møta rollemodellar. Slik kan segner  òg fungera som sosialiseringshistorier fordi dei kan syna positive førebilete, personar som det går godt med. I mange huldrehistorier vert omtenksame og hjelpsame menneske løna med gåver eller medgang i livet. Andre segner kan syna avskrekkande lagnader, folk som det går ille med fordi dei er vondskapsfulle i ord og handling. 

Somme segner kan ha ein  tydeleg oppsedande  funksjon som når foreldra held barn borte frå farlege plassar  ved å fortelja at nøkken har tilhald i elvar og vatn. I andre høve formidlar segner moralske levereglar og syner kor viktig det er å fylgja gammal skikk som t.d. at folk etter gamal sedvane skal  overlata setra til huldrefolk  på ei bestemt tid.

 

Segner kan innehelda både spenning, mystikk, magi, fantastiske element og overnaturlege vesen. Til dømes er mange segner bygde opp omkring klassiske grøssarmotiv som mørker, kyrkjegard og gjenferd. Dette er nok sider ved både segner og eventyr som har gjort dei så populære og livskraftige. Her er det klare møtepunkt med fantastikken i barne- og ungdomskultur, både i litteratur, digitale spel og filmar.


Segner i didaktisk bruk i barnehagen

Barnehagen er ein sosialiserings- og læringsarena der aktivitetane i kvardagen har ein fleirfagleg karakter, og der leik og læring ikkje kan skiljast. Både barn og vaksne får der ulike og vekslande inngangar til det dei sansar og opplever i miljø og omgjevnader. 

Rennande vatn kan t.d.  gje eit fint læringsrom både i skule og barnehage. Ein bekk kan gje pedagogen ein spennande inngang til t.d. naturkunne, men òg til samtale med barn om det dei der sansar og opplever. Barna kan rett nok vera  meir opptekne  av å sutla med vatnet og oppleva  og utforska vatnet som naturelement, men i dette spenningsfeltet mellom pedagogen sine didaktiske intensjonar og innspel og barns leik og nyfikne kan det utvikla seg viktige læringsarenaer.   Det krev at det pedagogiske personalet har eit ope blikk for slike og liknande læringsstader  i og rundt barnehagen. Det er ein slik tankegang som ligg til grunn for det me kallar kultursti (Bjørlykke & Økland, 2002). 


Kulturstien som konsept vart utvikla i lærarutdanningsmiljøet på Stord på 1990-talet og praktisert i praksisbarnehagar i regionen. Det didaktiske hovudgrepet ligg i det å utvikla eit nettverk av samlingsstader, stasjonar, i og rundt barnehagen og i lokalmiljøet. Stasjonane i kulturstien vert fylte med kulturelt innhald, der barna kan få eit personleg møte med kultur og landskap gjennom det dei opplever, sansar og gjer. Kulturatien fungerer slik som ein pedagogisk arena for dei kvardagslege aktivitetane og tek såleis opp i seg barnehagedidaktikken slik  han  har vorte utvikla sidan 1970-talet. Kulturstien får då tre siktemål.  For det første fungerer stien som eit leike- og læringsrom for barna. For det andre vert den eit rom  der barnehagepersonalet gjennom pedagogisk refleksjon  omkring sitt eige arbeid får utvikla eigen praksis. For det tredje kan kulturstien fungera som ein stad  for sameining av fagleg og pedagogisk teori  og praksis i barnehagelærarutdanninga..

 

Det generelle pedagogikk-teoretiske grunnlaget for kulturstikonseptet finn me i det sosiokulturelle læringssynet som Vygotskij, Bruner og Bakhtin har bidratt til å utvikla. I  lærarane og studentane sitt arbeid med kulturstien  møtest ulike læringssoner i konstruktivt samspel (Vygotskij, 1978) når lærarane kjem i dialog med  kollegaer og studentar. Barnehagelærarane si rolle er i stor grad å rettleia studentane og byggja stillas omkring læringsprosessane deira (Bruner, 1997). Slik kan dette læringsrommet verta ein mangestemt diskurs omkring fagleg og pedagogisk teori i møte med barn og lokalmiljø (Bakhtin 1981). Det same læringstoretiske synspunktet kan også leggjast på barna si læring i kulturstien der dei med kvar sine ulike føresetnader og utviklingssoner møter og mottar impulsar frå andre barn og frå studentar og barnehagelærarar. 


I kulturstien som læringsprosjekt ser me to grunnleggjande innfallsvinklar til barnehagerelevant fagstoff frå ulike fag i barnehagelærarutdanninga. Det eine perspektivet er faga som studiefag, og det andre er faga som praksisfag. I studiefaget norsk, til dømes, vert vekta lagt på systematisk fagkunnskap i tekstlære og tekstformidling.  I praksisfaget norsk vert vekta lagt på å bruka faget i yrket. Det er her arbeidet med kulturstien kjem inn.

Kulturstien er tenkt som ein vid kulturaliseringsarena med basis i forteljingar. På stasjonane kan barna møta forteljingar frå folkekulturen, som eventyr, segner og anekdotar, litterære forteljingar frå forteljebøker eller barns eigne forteljingar. Men kulturstien kan også omfatta heile spennvidda av uttrykksformer i barns eigen kultur som vitsar, gåter og ellingar i tillegg til songar og melodi- og rytmebaserte aktivitetar. Sidan mange sjangrar i barnekulturen  er relatert  til fysisk aktivitet, opnar dermed kulturstien for mange typar leik, både rolleleik inspirert av forteljingar,  regelstyrt leik og fri leik i landskapet.  I dette ligg det at kulturstien ikkje berre blir ein formidlingsarena, men òg ei utfaldingsarena. 

For det første vil alltid barna med utgangspunkt i forteljingar dei høyrer, kunna utvilka sine eigne versjonar eller fabulera fram nye fiksjonar. 

For det andre vil barn ofte ut frå sine interesser bruka staden på sin måte i konkurranse med den didaktiske tiltrettelegginga.  På same måten som barn gjer forteljinga til si eiga forteljing, kan dei òg  gjera plassen til sin eigen plass. Det didakiske opplegget bør difor alltid  ha rom  for slike innspel frå barna.

 I det lokale området omkring barnehagen  finst det ofte mange spesielle og særmerkte fenomen  både i naturen og i kulturlandskapet som det kan vera naturleg å innlemma i stien. Det kan vera ei stor maurtue, ei fantasieggjande trerot, ein heksekost i ei bjørk eller fysiske kulturminne som ein steingard, ei bru, eit gammalt hus m.m. Somme gonger kan slike stader vera eit stykke unna, som t.d. segnomspunne fjell som ein kan sjå frå utsiktsplassar i kulturstien. Andre gonger kan det vera nødvendig  med ei lengre utflukt for å oppsøkja slike spenningsladde  plassar. Slik vert kulturstien som opplevings- og læringsrom trekt ut over nærområdet til barnehagen.)


I kulturstien vert den topologiske  kulturaliseringa  bygd opp omkring eit stisystem som opnar for vandringar i rom og lokal kultur. Kulturstien er ikkje ei lineær vandring  etter ei fastlagd  rute, men  eit ope nettverk av stiar  med mange  vegval  som òg gjev høve til å snu og venda tilbake til favorittplassar. Slike vandringar  får då  eit diskursivt preg. Diskursen oppstår ved at mange  tekstar eller impulsar  vert stilte opp mot kvarandre eller  knytte saman i ein større vev. Denne diskursen inneber  både ei fysisk og mental  rørsle der barna stadig vekk kjem i nye  posisjonar  og til ulike utsiktspunkt  i  landskap og kultur. Dei vaksne er då med på å få fram og formidla forteljingar, mytar, leikar og opplevingar med rot i det fysiske landskapet. Det kan vera funksjonen til ein steingard eller opphavet til eit namn. Spor eller stemmer frå fortida i form av eit hus,  ei segn, eit namn, eller ein oppgådd sti  er til stades i notida. I eit bymiljø kan slike stemmer vera t.d. eit torg, ein statue, eit gate- eller områdenamn.   Gjennom ein medviten pedagogikk  kan slike element  og  mange andre  verta sette saman til ein mangestemt samtale. 


Vandringa i landskapet  har primært ei fysisk side, men landskapet vert også læringssoner der samrefleksjon med andre,  barna imellom, mellom  vaksne og barn  og mellom vaksne finn stad. Dette  er samtalar  eller diskursar med mange dimensjonar, m.a. mellom fortid og notid. Derfor  er det viktig at  barnehagepersonalet  skaffar seg kunnskap om  lokalmiljøet  både gjennom litteratur og  ved  å prata med folk som har vakse opp og har arbeidd i området. Gjennom desse personane kan  barnehagelærarane  få innsyn i  lokale forteljingar, og  opplysningar  om stader og namn i landskapet  som har vore knytte til arbeid, leik, opplevingar  og hendingar. Dette  er eit stoff som barnehagelæraren  kan formidla på rusleturar  langs stiane  i og omkring barnehagen. 


Me ser at sjølv om kulturstien i utgangspunktet har forteljinga som berande element, er kulturstien  open for heile det fleirfaglege innhaldet  i  barnehagens kvardagspraksis og i barnehagelærarutdanninga. Erfaringane me har gjort  så langt byggjer på fleirfagleg samarbeid mellom ulike fag:  norsk, drama, musikk, matematikk og kunst og  handverk, fysisk fostring. 

Segner i didaktisk bruk i skulen

Det teoretiske og didaktiske grunnlaget for å kopla saman forteljing, landskap og fagleg arbeid er i hovudsak det same  for skule og barnehage. Slik me i barnehagen kan nytta kulturstikonseptet som ramme for det pedagogiske arbeidet, kan ein i skulen bruka utepedagogikken  som  tilsvarande utgangspunkt. Utepedagogikk (outdoor education) kan sjåast på som eit overordna omgrep som kan konkretiserast gjennom metodar eller arbeidsmåtar som uteskule eller utebarnehage, leirskule, ekskursjonar og feltarbeid. Eit sentralt mål i utepedgogikken er å skapa kunnskap om og nærleik til natur, kultur og samfunn gjennom aktivitetar og opplevingar i utemiljøet (Dahlgren & Szczepanski, 1997).  Uteskule innber t.d. ein arbeidsmåte der ein legg opp til regelmessig aktivitet utanfor klasserommet, men i nær samanheng med inneaktivitetar (Jordet 1998).

Sidan segnene både kan framstå som autonome skriftlege eller digitale tekstar og som  stadbundne, i utgangspunktet munnlege tekstar knytte til landskapet, er dei eit materiale som er særleg godt eigna til å arbeida med både i og utanfor klasserommet. 

Arbeid med segner kan difor  opna for å arbeida med emne innanfor samfunns- og kulturkunnskap sidan segnene kan gje innsyn i sosiale tilhøve og nærbilete av lagnader i fortida, gjennom historiske scenar og bilete frå lokalt miljø og landskap.

 

Samstundes gjev mytiske segner og opphavssegner innsyn i og døme på mytiske tenkje- og forklaringsmåtar, folketru og magi. Ein kan mellom anna finna døme på korleis det uforklarlege er blitt forklart, t.d. i segner om bergtaking, bytingar eller merkelege lys som i segner om nålys og moderne UFO-segner. Dette kan gje barna ei meir mytisk og spennande oppleving av det heimlege landskapet.

Arbeid med segnstoff i skulen kan vera med på å utvikla språkleg medvit og kompetanse. Det vil for det første kunna stø opp under og gje øving i munnleg framføring. Vidare kan innsikta i det lokale talemålet i fortid og notid bli utvikla, og likeins medvitet om tilhøvet mellom munnleg språkbruk og skriftleg norm. Segnene kan innehalda gode, funksjonelle og treffande ord og uttrykk som i dag vert opplevde som avleggs. Dei aktualiserer og minner oss såleis om ein språkleg tradisjon som kan gjera notidsspråket rikare.


Det er mange  vegar  å gå  når ein vil nytta segnmateriale i arbeid med språk. For å utvikla medvit om skilnaden mellom tale og skrift kan elevane skriva ned segner frå munnlege kjelder, t.d. ut frå lydopptak. For å få auka innsikt i korleis språket har endra seg, kan ein sjå på likskapar og ulikskapar mellom eldre talemål i gamle nedskrifter og notidig talemål i lokalmiljøet. På same måte kan ein få innsikt i korleis skriftspråka har utvikla seg ved å samanlikna gamle nedskrifter på dansk eller eldre nynorsk med moderne skriftspråkversjonar. (I segnbasen Segner.no er hovudoppslaga stort sett omsett til moderne nynorsk, men kjeldetekstane har den språkforma  som nedskrivaren  brukte: eldre nynorsk, dialekt, eldre bokmål og dansk.)

Segner kan dessutan  vera tekstgrunnlag i  lese- og skriveopplæring. Det kan vera inspirerande  å lesa om uvanlege hendingar i sitt eige nærmiljø. Det å skriva nye segner  etter mønster frå gamle  kan vera eit nyttig grep i skriveopplæringa. 

I arbeid med munnleg språk kan det å fortelja  sin personleg versjon av ei segn vera med på å utvikla  eleven sin forteljekompetanse. Det same gjeld når ein framfører dramatiserte segner. 


I litteraturundervisninga vil utgangspunktet  vera å sjå på segnene som litterære kunstverk. Å arbeida med tematikk, forteljetknikk og struktur kan utvikla sjangermedvit om forteljesjangeren generelt og folkediktingssjangrane spesielt. Dette vert då også eit element  i lese- og skriveopplæringa.

Som eit apropos til  litterær bruk av segner kan ein peika på at segner  vert brukt som stoff både i barnelitteratur  (Ingunn van Etten, Trollkjerringa i Hausafjellet), ungdomsbøker (Atle Hansen, Ulvestova) og i vaksenlittertur (Lars Mytting, Søsterklokkene).


Korleis finna fram segn-databasen?

Databasen (www.segner.no) er enkel å bruka og søkja i.  Dei fleste er interesserte i  å finna segner frå sitt lokalmiljø.  Det enklaste  då er å klikka på kommune i Kartsøk. Då får du fram ei tittelliste med alle segntekstane i den kommunen du har valt. Når du klikkar på  ein segntitel, får du opp segnoppslaget med utfyllande opplysningar og lenkjer.

Eit alternativ til Kartsøk er å skriva kommunenamn inn i Stadfeltet i Frisøk

Ein meir omfattande søkjemåte finn du i Listesøk. Her kan du velja mellom:

Stadsøk: Du kan velja  kommune/fylke/bygd og få fram segnene der. 

Aktørsøk: Her kan du velja mellom Historiske personar, Mytiske vesen  og Religiøse figurar med undergrupper. 

Temasøk med sine undergrupper gjer det mogeleg å søkja etter Handlingar, Hendingar  og Opphavsforklaringar.

Lokalitetssøk:  Her kan du søkja  i to undergrupper: Kulturformasjonar og Naturformasjonar.

Kjeldesøk: Her kan du søkja etter informantar, nedskrivarar eller samlingar.


Ei grundigare hjelp i bruk av segnbasen finn du i Segner.no. Klikk på hjelp-ikonet på heimesida og trykk ut rettleinga. Under info-knappen vil du dessutan finna meir om korleis segnbasen er blitt til og om status og framdrift.

Referansar

Bakhtin, M.M. (1981). The Dialogue Imagination. Four Essays by M.M. Bakhtin. Holquist, C. (ed). Austin, Texas: University of Texas Press.

Bjørlykke, B. & Økland, N.T. (2002). Barnehagen som arena for kulturalisering. I Barnehagen. Tidsskrift for barnehagefolk 7/02, Oslo.

Bruner, J. (1997). Utdanningskultur og læring. Oslo: Ad notam Gyldendal.

Dahlgren, L.O. & Szczepanski, A. (1997). Utomhuspedagogik. Boklig bildning och sinnlig erfarenhet. I Skapande vetende, nr 31. Linköpings universitet.

Etten, I. (1999). Trollkjerringa i Hausafjellet. Bergen: Eide forlag.

Hansen, A. (2004). Ulvestova. Oslo: Det norske samlaget.

Jordet, A.N. (1998). Nærmiljøet som klasserom. Uteskole i teori og praksis. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.

Klintberg, B. (1990). Rottan i pizzan. Stockholm: Norstedts Förlag AB.

Mytting, L. (2018). Søsterklokkene. Oslo: Gyldendal.

Møhl, B. & Schack, M. (1985). Når børn læser: litteraturoplevelse og fantasi. (3. opplag). København: Gyldendal Akademisk.

Nicolaysen, B.K. (1985). Forteljinga, kulturen og historia. Paul Ricoeur i samtale med Bjørn Nic. Kvalsvik. I Samtiden 4/85. Oslo.

Vygotskij, L.S. (2001). Tenkning og tale. Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag.